Bever frå Åmli reddar Europa

Av Tonje Ramse Trædal, museumsstyrar, Elvarheim museum | Publisert i Agderposten 14. oktober 2016

bilde-2-beverutsetting-1922Foto: Nils Thomasson. Jamtli bildarkiv.

[PDF av artikkelen slik den sto på trykk i avisa: Bever-fra-amli-1 Bever-fra-amli-2]

Dei fleste sørlendingar er kjent med bever, på godt og vondt. Nokre har kanskje høyrd det kraftige plasket av ein beverhale i eit skogtjern ein skumringstime eller sett beverhytter og demningar langs bekkar og elver; andre har opplevd å få vegar og jorde sett under vatn av denne flittige byggmeisteren. Men ikkje alle kjenner beverens dramatiske kamp for å overleve dei siste hundreåra. Sentralt i denne historia står også tre menn frå Åmli.

Den europeiske beveren (Castor Fiber) er ein av urinnvånarane i faunaen vår, og fanst tidlegare over heile det Eurasiatiske kontinentet, frå dei Britiske øyene i vest, til Sibir i nord, Middelhavslanda i sør og Kina i aust. Jord- og myrfunn, gnagemerke på stokkar og restar av demningar viser at beveren har følgd iskanten og skogutbreiinga nordover etter siste istid. Men fram mot vår tid er beveren blitt borte i land etter land. I England forsvann han alt på 1100-tallet, i Skottlannd på 1200-tallet og i Italia på 1600-tallet. Det blir sagt at den siste svenske beveren blei skoten i 1871.

På slutten av 1800-talet fanst det totalt berre rundt 1200 beverar igjen i Europa, fordelt på åtte små område. Eitt av desse var i Noreg, nærmare bestemt langs Nidelva i Åmli og Tørdalselva i Drangedal. Beverbestanden her var truleg på mindre enn 100 dyr. Denne vesle stammen skulle etter kvart danne grunnlaget for heile den svenske beverbestanden, og også sørgje for tilbakekomst av bever i fleire andre land.

Hattemotar, medisin og svartebøker

At bever har vore ein ettertrakta ressurs langt tilbake i tid, kan vi mellom anna sjå av dei mange  stadnamna med samansettingar av bever, bjor, bjør, bjur osv, slik som Bjorbekk utanfor Arendal og Bjorvatn på Vegårshei. Bever er lett å lokalisere. Han er nokså hjelpelaus på land, og har til alle tider vore eit viktig jaktvilt.

Sidan beveren lever store delar av livet sitt under vatn, har han ein pels som er særdeles tett og varm, i tillegg til at han held vatnet ute. Denne eignar seg godt både til å lage jakker, kåper, hattar og anna pelsverk av. På 15- og 1600-talet var beverhattar høgste mote, noko som gjekk hardt ut over beverbestanden. Frå Sverige blei det berre i året 1574 skipa ut 3384 beverskinn frå Stockholm, og eksporten tilsvarte over tre millionar 1932-kroner. På 1840-talet kom rett nok silkehattar på moten i Europa, og etterspurnaden etter beverhattar avtok noko. Men då var beveren alt borte mange stader.

Men sjølv om skinnet var ettertrakta, var det ein annan del av beveren som verkeleg førte til rovjakt; nemleg bevergjel. Dette er to kjertlar som ligg nær beverens endetarmsopning, og inneheld stoffet castoreum, med ei sterkt karakteristisk lukt. Beveren er eit nattdyr med dårleg syn, men desto betre luktesans, og han bruker bevergjel blanda med urin til å markere territoriet sitt. Castoreum har vore nytta som medisin i århundrar. Alt legen Hippokrates i det gamle Hellas kjende til bevergjel, og i det latinske verket Castrologica frå 1700-talet finst det meir enn 200 oppskrifter med bevergjel. Castoreum var nærmast rekna som eit universalmiddel som kunne kurere alt frå tannverk og fødselssmerter til sinnsjukdom, gikt og impotens – samt brukast som prevensjonsmiddel! Castoreum er framleis i bruk innan alternativ medisin, og på det svenske Systembolagaet kan dei barskaste jegerane få kjøpt ei flaske BVRHJT (uttalt beverhojt og skal bety noko slikt som beverbrøl), som er sprit tilsett bevergjel.

Det har vore knytt mykje overtru til bevergjel, og stoffet inngår i fleire formlar i svartebøkene frå mellomalderen. Spesielt effektivt skulle bevergjel vere mot orm i alle variantar. Nokre stader meinte ein at bevergjel kunne verne mot hoggorm, og ein la det inn i sylvknappar med hol slik at lukta kunne sive ut. Dersom ein var plaga med orm i børseløpet, skulle det hjelpe å stryke munningen på våpenet med bevergjel. Det kunne også jage bort sjøorm.

På grunn av denne allsidige bruken var bevergjel eit både ettertrakta og svært kostbart stoff. I Sverige kunne ein rundt 1830 få 4-7 riksdalar for 15,5 gram bevergjel. Ei årsløn for ein gardsgut var på same tid 3 riksdalar. Ein vaksen bever har rundt 654 g bevergjel, så fortenesta kunne bli stor! I ein av Æsops fablar ser det ut for at beveren sjølv har forstått at menneskets jakt på  bevergjel kunne bety undergangen for han. I fabelen bit beveren frivillig av seg kjertlane og gir dei til ein jeger for å berge livet. Så enkelt var det dessverre ikkje for beveren i det verkelege livet.

Først freda i Nedenes

I siste halvdel av 1800-talet blei det klart for mange at framtida for beveren var truga. Verknadene etter den industrielle revolusjonen var tydelege, og i intellektuelle miljø var det ei aukande bevisstheit omkring dei skadane menneskelege inngrep hadde påførte naturen. Den naturinteresserte jernverkseigaren, jegeren og samlaren Nicolai Benjamin Aall på Næs Jernverk freda beveren i sine skogar alt i 1845. Desse skogane strekte seg langt nordover i Åmli, der det blei levert trekol til jernverket. Robert Collett, som var professor i zoologi og grunnleggar av naturhistorisk museum i Oslo, gav Nicolai Aall æra for å ha berga den norske beveren.

Collett gjorde grundige undersøkingar av beverbestandens tilbakegang landet over, og var fleire gonger i Åmli. Då togbanen frå Arendal til Åmli skulle byggast på 1890-talet, rett gjennom eitt av dei siste beverterritoria, var mange redde for at det skulle bety slutten for den norske beverstammen. Robert Collett skreiv i eit brev til Indredepartementet at: «den Fare Norges største Beverstamme er udsatt for ved Jernbaneanlæget gjennem Aamli, er efter min Mening saa stor at dens totale eller i hvert fall delvis Undergang maa anses som sikker, om den ikke paa en eller anden Maade kommes til Hjælp». Og hjelpa kom, i form av freding – først i ti år i Nedenes Amt, deretter i heile landet i 1898.

Etter at beveren blei totalfreda, tok bestanden seg raskt opp igjen på Sørlandet og i Telemark. I 1918 talde bestanden heile 7 000 dyr, og beverens aktivitet begynte å bli eit problem for enkelte skogeigarar. Men sjølv om bestanden blomstra på Sørlandet, var han fråverande i resten av landet, og også i nabolanda våre. Dette ville den svenske distriktsantikvaren og museumsdirektøren i Jämtland, Eric Festin, gjere noko med. Han tok initiativ til eit storstilt forflyttings- og utplasseringsprosjekt med levande bever frå Noreg til Sverige. Noko slikt hadde aldri vore gjort før med levande dyr offentleg regi.

Bever på flyttefot

Det første norske beverparet blei sleppt ut i Bjurälvdalen i nordvestre Jämtland 6. juni 1922. Dei to beverpionérane fekk namna Adam og Eva. Eric Festin hadde organisert ein innsamlingsaksjon der fleire privatpersonar og lokale naturvernforeiningar bidrog, og prisen for å få dei to beverane til Sverige var 3 000 kr, tilsvarande rundt 29 000 kr i dag. Adam og Eva hadde ei lang og strevsam reise bak seg. Først med tog frå Åmli til Arendal, deretter båt til Oslo, og tog igjen vidare til Stockholm. Etter ei overvintring på Skansen zoologiske hage blei dei igjen sende med tog, hest og båt fram til sin nye heimstad i Jämtland. Dyra blei frakta i ei spesiallaga trekasse, og måtte ha jamnleg tilsyn, mat og friskt vatn undervegs.

Den første gjeninnføringa av bever i Sverige blei ein suksess. Paret trivdest og stifta familie, og blei snart etterfølgd av fleire; frå Småland i sør til Lappland i nord. Til saman blei det i åra mellom 1922 og 1945 sett ut over 80 norske beverar i Sverige. Etter krigen blei det også gjort fleire omplasseringar. I dag er det rundt 100 000 bever i Sverige; faktisk fleire enn i Noreg (her er det rundt 70 000). Men kven var det som leverte dei  norske beverane?

Frå beverpappa til beverkongen

To naboar på Tveit i Åmli blei nøkkelpersonar i den første utførsel av bever; først til Sverige, og seinare til fleire andre land. Peder Martinius Jensen var bonde, men blei ofte brukt som dyrlege, og dreiv også ein omfattande geskjeft med utstopping av dyr. Han var ein skrivefør mann med ein omfattande korrespondanse både innanlands og utanlands. Tidleg på 1920-talet titulerte han seg som «preparant», men utover på 1930-talet utvida han verksemda til leverandør av «living beavers».

P.M. Jenssen blei etter kvart den mannen Landbruksdepartementet vende seg til for å skaffe levande bever til utsetting i naturen. Som del av verksemda bygde han opp fleire kunstige dammar og bekkar på garden sin, der han heldt beverane ei tid før han sende dei frå seg. Han meinte det var viktig at dyra blei vande med menneske, slik at dei ikkje rømde og kom bort frå kvarandre når dei blei sleppte fri. Fordi han la vekt på å behadle dyra med ei nærmast faderleg omsorg, blei P. M. Jensen av mange omtalt som «beverpappa». Arne Tjomsland skriv i nekrologen over Jenssen at han følgde beverane sine heilt fram til den nye heimstaden, for: «de må ha en siste hilsen på norsk når de slippes fri langt hjemmefra».

Eit steinkast frå P.M. Jensen, på garden Bakkan på Tveit, budde ingeniør Sigvald Salvesen. Han hadde studert både faglitteratur og bever på nært hald, og gav ut fleire vitskaplege artiklar om emnet. Det utvikla seg eit konkurranseforhold mellom dei to naboane, og dei fekk etter kvart kvar sin marknad. Sigvald Salvesen blei leverandør av bever til zoologiske hagar, medan P.M. Jensen nærmast fekk monopol på leveranse av  bever for utsetting i naturen. Det blei levert bever både til Finland, Latvia, Polen, Nederland, Tyskald og til ulike utsettingsstader i Noreg.

Etter krigen overtok fangstmannen Aslak Harstveit bevereksporten, og fekk etter kvart tilnamnet «beverkongen». Han heldt ikkje dyra i fangenskap, men sørgde for at dei så raskt som mogleg kom ut i fridom på ein ny stad. Aslak sette ut fleire beverpar i Noreg; det første i Sørreisa i 1953 i samarbeid med Harald Jensen, son til P.M. Jensen. Aslak sende fleire beverpar til Nord-Noreg, Trøndelag og ulike stader på Austlandet heilt fram til slutten av 1980-talet.  Han fanga bever i ein spesialkonstruert hov, som du i dag kan sjå utstilt på Elvarheim museum.

Talrik etterslekt

Elvarheim museum er no i gang med planlegginga av eit prosjekt der vi vil dokumentere beverens reise frå Noreg til Sverige og vise den store innsatsen som blei gjort frå 1920-talet for å bevare bever som ein naturleg del av den europeiske villmarka. I dag er beverbestanden i Europa på godt over 1 million. Av desse skal nesten halvparten vere av norsk eller delvis norsk opphav. Adam og Eva og dei andre beverane frå Sørlandet har med andre ord fått ei talrik etterslekt.

Og historia er ikkje over ennå. Framleis pågår det nye tilbakeføringsprosjekt. I Skottland, Belgia, Danmark og Bosnia er det sett ut bever dei siste åra, og fleire prosjekt er under planlegging. I mange land har beveren no også spreidd seg naturleg over grensene.

Utsetting av den eurasiatike beveren ser altså ut til å ha vore ei suksesshistorie, og ein kan vel seie at tiltaka som blei sette i verk rundt førre århundreskifte kom i grevens tid – først med freding og sidan utplassering av dyr. I dag blir denne metoden omtalt som rewilding, og er tatt i bruk også for andre dyreartar, som for eksempel havørn her på Sørlandet. Metoden gjeld sjølvsagt dyr som naturleg høyrer heime i faunaen. Beveren ser stort sett ut til å ha vore eit kjærkome tilskot til faunaen i fleire land, om enn skogeigarane i blant kan rive seg litt i håret. Der beverbestanden er talrik, er det då også innført jakt. Beverhistoria er uansett ein tankevekkjar om kor nær vi var å utrydde ein dyreart, og kor viktig det er med kunnskap og god forvaltning av naturressursane.

——————————–

Kjelder

Bandlien, Bjørn: Bever med baller. www.folkeminne.no art. nr. 58, 2011

Halley, Duncan et al.: Polulation and distribution of eurasian beaver (Castor fiber). Baltic Forestry 18 (1). 2012.

Vevstad, Andreas: Fangstmannsminne. Tvedestrand boktrykkeri, 1989

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s